- At Vegvesenet knyter saman heile vegstrekkja frå Skulestadmo til Sogn grense, gjer alt lettare. Det    er dette aksjonsgruppa har bede om, seier Arne Gilbakken (t.h.) saman med Nils Akselberg. Begge helsar nye vegalternativ velkomne.
- At Vegvesenet knyter saman heile vegstrekkja frå Skulestadmo til Sogn grense, gjer alt lettare. Det er dette aksjonsgruppa har bede om, seier Arne Gilbakken (t.h.) saman med Nils Akselberg. Begge helsar nye vegalternativ velkomne. Foto: VIDAR HERRE

Nye vegalternativ gjennom Vossestrand

Statens vegvesen presenterer no ei rekkje traséalternativ for ny E16 gjennom Vossestrand. Nytt er at det også er aktuelt å leggja E16 på sørsida av Oppheimsvatnet.

- Dette er førebels utkast. Alt skal jobbast vidare med, poengterer Bente Øyre, prosjektleiar i planseksjonen hjå Statens vegvesen.

Saman med kollega Hilde Gunn Stenseth møtte ho torsdag Voss formannskap for å presentera dei nye alternativa for politikarane i Voss formannskap. Bente Øyre orienterte om planprosessen vidare, og gjekk gjennom dei ulike alternativa punkt for punkt. Bakteppet er at Vegvesenet vil ha ny kommunedelplan for vegstrekkja Sleen-Åsbrekke.

- Må skje raskt

Fungerande ordførar Sigbjørn Hauge (Sp) sa alt før presentasjonen tok til at ut frå nye signal om at ny veg gjennom Vossestrand kan verta OPS-prosjekt, er det viktig at planane ikkje vert seinka.

- Me må få fram planane raskt, slik at me ikkje risikerer at andre strekkjer vert valde som OPS-prosjekt i staden, seier Sigbjørn Hauge.

Bente Øyre i Statens vegvesen sa innleiingsvis at dei no arbeider med reguleringsplan for den store tunnelen frå Sleen ved Stalheim og ned Nærøydalen nesten til Sogn grense. Samtidig har dei vorte smerteleg klare over at det manglar plan for vegframføringa mellom Oppheim og Sleen. Det vil seia langs Oppheimsvatnet og eit stykke vidare i retning Stalheim.

STATENS VEGVESEN
STATENS VEGVESEN

Rett gjennom Oppheim

Pr i dag føreligg godkjende planar for Skulestadmo-Oppheim med tunnel som kjem ut på Sundsvål rett før Oppheim sentrum. Dette ville ha medført at den framtidige E16 hadde skore rett gjennom Oppheim sentrum. Dette har både ei aksjonsgruppe og andre i lokalsamfunnet reagert kraftig på.

- Me ser derfor på dette med nye augo for å få ei betre vidareføring av E16 frå Oppheim. Derfor vurderer me no alternativ på begge sider av Oppheimsvatnet, sa prosjektleiar Bente Øyre.

Ho presenterte eit kart med i alt åtte ulike alternativ. - Her har me teke med både moglege og umoglege alternativ. Om ikkje så lenge skal me gå gjennom ein utsilingsprosess, og redusera talet på alternativ, opplyser Øyre.

Omsyn til Oppheimsvatnet

Nokre alternativ medfører utfylling i Oppheimsvatnet på nordsida. Terrenget langs Oppheimsvatnet der er bratt. Derfor er det ikkje råd å gå inn i terrenget og utvida vegen på land. Men Oppheimsvatnet er djupt, og om utfylling er eit realistisk alternativ, skal grundige undersøkingar avdekka.

Alternativ 4 inneber tunnel frå Taulen til Øyjordi. Der held vegen fram på sørsida av Oppheimsvatnet i kombinasjon mellom veg i dagen og tunnelar. - Det er sidebratt også på denne sida av vatnet. Det vert fort store inngrep, og me får rasproblematikk, opplyste Øyre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho la til at dei hadde eit alternativ 5 med veg i strandsona på sørsida. Men dette er alt teke vekk, etter klare signal frå Voss kommune, NVE og Fylkesmannen. Årsaka er at veg ved vatnet ville ha øydelagt ei urørt strandline og skapt ei barriere mot vatnet for folket som bur der.

Påkopling til Myrkdalen

Kvinnene frå Vegvesenet presenterte også eit alternativ med over 10 kilometer lang tunnel (alternativ 6) direkte frå Åsbrekke til Haugsvik. Dette ville gje kortaste vegstrekninga, men vart ikkje veldig godt motteke. Vossapolitikarane var opptekne av å sikra god påkopling for vegen til Myrkdalen med all sin trafikk.

- Me må få gode påkoplingspunkt til Myrkdalen. Dette alternativet gjer at all trafikken til Myrkdalen må gå på gamlevegen, poengterte Torstein Gunnarson (V), Arnfinn Gjerdåker (SV) og andre.

- Det kjem konsekvensutgreiing av alternativa. Og kanskje kjem det tiltak på gamlevegen også, svara Bente Øyre.

Meir og meir tunnel

Arnfinn Gjerdåker tok opp ein annan problematikk med meir og meir tunnelar. - Det gjer at vegane vert mindre og mindre attraktive for turistar. Eitt døme er NSB som for nokre år sidan planla jernbanetunnelar opp Raundalen, men som gjekk vekk frå det ut frå turismeomsyn. Kva politikk har Vegvesenet på dette når det gjeld veg ute i dagen kontra tunnelar, spurde Gjerdåker.

Bente Øyre svara at Vegvesenet kjem til å leggja fram alternativ med begge delar. - Men ved veg ute i dagen er det problem med standardheving i høve behova, fordi terrenget gjennom Vossestrand er sidebratt, trongt og krevjande, opplyste ho.

Bente Øyre sa at kombinasjonar av dei ulike alternativa er aktuelt. - Kombinasjonar har eg tru på. Vegen bør utanom Oppheim sentrum, og samtidig må me finna ei god løysing for Haugsvik, seier fungerande ordførar Hauge.