Det er meldt snøbyer ned til 600 til 1000 meter tysdag, 2. juli. Biletet er frå Dyranut tysdag morgon.
Det er meldt snøbyer ned til 600 til 1000 meter tysdag, 2. juli. Biletet er frå Dyranut tysdag morgon. Foto: Lars Helge Rasch

Nysnø på fjellet i Sør-Noreg

Meteorologane varslar snø ned til 600 til 1000 meter tysdag.

– Utover tysdag søkk snøgrensa ned til 600 til 1000 meter, og det kjem nokre snøbyer i fjellet, melder Meteorologene på Twitter.

Varselet gjeld nordvest på fjellet i Sør-Noreg.

– Det er usikkert om det legg seg i vegbana, men med ei kraftig bye om natta kan det kanskje bli kvitt på vegane, skriv dei.

Tysdag morgon kan det sjå ut til at Hardangervidda har fått litt nysnø på bakkane på Dyranut.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse knipsa blikskot frå då snøbya passerte Hemsedal.

Juli starter med litt lett snødryss på#FjelletiSørNorge❄️ Her passerer en snøbyge Hemsedal. Foto: Stiftelsen Norsk Luftambulansepic.twitter.com/wX9ywzQUli

— Meteorologene (@Meteorologene)July 2, 2019

Ustabilt vêr

Det har vore ustabilt vêr ein periode no.

Ifylgje vêrmeldingane påyr.no vert det svak vind, og regn, sol og overskya.

Sundag morgon vart fleirebustader utan straum etter kraftig lynnedslag og tore.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utover morgendagen synker snøgrensa ned til 600-1000 meter, og det kommer noen snøbyger i fjellet, særlig nordvest på#FjelletiSørNorge🌨️ Det er usikkert om det legger seg i veibanen, men med en kraftig byge nattestid kan det kanskje bli litt hvitt på veiene! Grønn=❄️ Blå=💧pic.twitter.com/y69u0miF6v

— Meteorologene (@Meteorologene)July 1, 2019