Illustrasjonsfoto: Stine Strand Carlsen

Nytt koronatilfelle i Vaksdal

Kommuneoverlege i Vaksdal Ole Miltzow Thorseth stadfestar nytt koronatilfelle i kommunen.

– Det er påvist eit nytt smittetilfelle i Vaksdal, seier kommuneoverlege Ole Miltzow Thorseth til Hordaland.

Testa på flyplass

– Mannen testa positivt på Gardermoen flyplass. Vedkomande har gjort alt riktig og fylgd alle reglar, seier kommuneoverlegen. Den smitta er no i isolasjon.

Vedkomande bur saman med ein annan person, som no er i karantene.

Kommuneoverlegen går ikkje ut med kvar personen bur, men understrekar at det ikkje skal vera fare for at andre er smitta.

– Alle reglane er fylgde, understrekar Miltzow Thorseth.

Les også
Testa negativt to gonger etter positiv korona-test

Totalt har fire personar testa positivt i Vaksdal for korona sidan utbrotet i vår.