KORONATESTING: Frå testsenteret i Lekvebakken. Biletet er teke ved eit tidlegare høve. Foto: Lars Olve Hesjedal

Nytt koronatilfelle på Voss

Nok ein person er smitta med koronaviruset i Voss herad.

Det stadfester Voss herad i ei pressemelding.

– Nok ein person har testa positivt for Covid-19. Dette er den andre positive testen sidan mars. Det nye tilfellet kan sporast til tilfellet som vart avdekka før helga, skriv heradet i pressemeldinga som vart sendt ut like før klokka 14 tysdag.

Les også
Fyrste korona-tilfelle på Voss sidan slutten av mars

Kom frå utlandet

Vedkomande som testa positivt før helga hadde vore på besøk i heimlandet sitt i sommar.

Det viser seg at vedkomande likevel har hatt nærkontakt med minst to personar på Voss etter at han kom tilbake.

– Me er helt avhengige av at dei som vert smitta tenkjer seg grundig om og fortel oss heile sanninga om kven dei har hatt kontakt med ein gong. Det er den einaste måten me kan hindra utvikling av større utbrot, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge.

– Hatt nærkontakt

– Me har testa ein mann og ei dame som me no veit har hatt nærkontakt med den smitta. Ein av dei har i dag fått stadfesta ein positiv test. Denne personen har lette symptom og har av den grunn halde seg heime sidan torsdag i førre veke. Personen tok sjølv kontakt med helsetenesta i kommunen etter å ha lese om det nye koronatilfellet i avisa i helga. Me jobbar no med å kartleggja og testa nærkontaktar, seier Hauge.

I Voss herad er det sidan mars blitt registret 26 smitta av Covid-19, i Ulvik to og i Vaksdal ein person.

Les også
Slik spreier korona-smitten seg
Les også
Så mykje fekk kommunane i koronatilskot
Les også
FHI: Framleis handvask og avstand i to–tre år