NYTT TILFELLE: Smittesporarane testar aktuelle nærkontaktar. Biletet er frå arkivet. Foto: Vidar Herre

Nytt koronatilfelle: Smittesporingsteamet testar nærkontaktar

Voss herad melder om nytt smittetilfelle onsdag. Smittevegen er ukjend.

Det er tilsynelatande ingen samanheng med tidlegare tilfelle på Voss dei siste vekene.

– Så langt veit me ikkje smittevegen her, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge.

Den smitta har berre lette symptom. Heradet sitt smittesporingsteam testar aktuelle nærkontaktar, som då må i karantene.

Kring 15 nærkontaktar

Onsdag og torsdag testar dei kring 15 nærkontaktar av den smitta.

– Enn så lenge har me ikkje høyrt noko nytt, seier Hauge torsdag føremiddag.

Les også
Nytt smittetilfelle på Voss: – Det er snakk om to nærkontaktar i heradet
Les også
Ole Ervin (59) får vaksine ein månad for seint