MEIR KARANTENE: Endå ein elev ved Voss ungdomsskule har fått konstatert korona. Og elevane i endå ein 9. klasse, og elevar i tilknyting på valfag, må også ut i karantene. Foto: Geir Geitle

Nytt koronautbrot på ungdomsskule-elev - endå ein 9.-klasse i karantene

Endå ein elev ved Voss ungdomsskule er konstatert koronasmitta, i klasse 9A. Dette medfører at endå fleire elevar no er i karantene, og at totalt truleg over 200 elevar er ute i karantene.

Torsdag kveld vart det registrert ytterlegare to nye smittetilfelle i Voss herad.

– Dette gjer at det til saman er tre nye tilfelle i løpet av torsdag 19. november, opplyser Tor Halvorsen, stabssjef for innbyggjartenester i Voss herad.

TRE TILFELLE TORSDAG: Tor Halvorsen, stabssjef for innbyggjartenester i Voss herad, melder om totalt tre nye koronatilfelle torsdag. Foto: Helge Søfteland

Spora tilbake til legekontoret

Det eine tilfellet er ein elev i ein ny klasse ved Voss ungdomsskule. Smittetilfellet fører til at heile klasse 9 A må i karantene og testast.

Smitten er spora attende til same smitten som førte til at to legekontor vart stengde sist veke.

Les også
Fleire koronautbrot gjer at heradet stengjer heile Voss ungdomsskule

Skulen sender melding

Skulen utarbeider elevlister som smittesporingsteamet vil nytta for å koma i kontakt med alle elevane som er omfatta. Skulen sender også melding via Transponder til alle heimane som vert omfatta av dette tilfellet.

Les også
Marie reagerer sterkt på smittehandteringa i Voss herad. Kommuneoverlegen forklarer kvifor

Skulen er stengd

Voss ungdomsskule vart stengd onsdag kveld, men det betyr ikkje at alle elevane har karantene. Truleg er no om lag 200 av elevane ved skulen omfatta av karantene.

Elevane har digital heimeundervisning til og med onsdag 25. november grunna smittetilfelle i tre klassar på tre årstrinn.

Les også
Ein koronasmitta person innlagd på Voss sjukehus

Smitta av familie - og isolert

Det andre tilfellet som vart meldt torsdag kveld er smitta av familie, og er i isolasjon.

Status for det fyrste tilfellet som vart meldt tidlegare torsdag ettermiddag, er at det vert jobba med smittesporing.

Nær 100 på Voss

Totalt er det no meldt om 98 koronatilfelle i Voss herad, ifylgje VG sine oversikter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Eit barn og ein vaksen koronasmitta i Vaksdal
Les også
Koronasmitte i Fbk Voss stoppar ungdomsfotballen