TESTSENTER: Det vert framleis testa ved Ulvik omsorgstun. Foto: Terje Hjartnes

Nytt smittetilfelle i Ulvik. – Me er ferdige med massetestinga

Ein ny person har testa positivt i Ulvik.

– No har prøveresultata frå måndag 22.02 kome, og det er kome inn eit nytt positivt prøvesvar på covid-19. Smittevegen er kjend, heiter det i ei pressemelding frå Ulvik herad.

Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen hadde håpa på null positive denne gongen, men er ikkje spesielt uroa over eitt nytt tilfelle. Etter ei tid med svært mykje smitte i Ulvik, var førre testing utan nye positive resultat.

Les også
«Pasient 0» i Ulvik fortel om då dei vart smitta

– Eg hadde håpa på null også denne gongen. Men sidan smittevegen er kjend, er eg ikkje så uroa. Det hadde vore verre om det var villsmitte, seier ordføraren.

Ferdige med massetestinga

Denne veka er det testing onsdag og fredag i Ulvik.

– Me har testing kl. 11.00 utanfor omsorgstunet. Me er ferdige med massetestinga. No er det personar med symptom som skal testa seg, eller personar som har fått melding frå helsepersonell om å testa seg, seier ordføraren og minner om at karantenetida i Ulvik er 14 dagar.

Les også
Koronaviruset råka Maria hardt