NYE SMITTETILFELLE: Voss herad melder om to nye smittetilfelle onsdag. Biletet er nytta som illustrasjon. Foto: Helge Søfteland

Nytt smittetilfelle på Voss knytt til bygg med fleire unge

Onsdag melder Voss herad om at to har testa positivt for korona.

– Det eine tilfellet er knytt til ein person som alt er i karantene, og det er ikkje venta fleire smitta langs det sporet.

Kan involvera inntil 10 personar

Det andre tilfellet skal vera relatert til eit bygg der fleire unge bur saman.

– Dette involverer potensielt inntil 10 personar, fortel kommuneoverlege Eystein Hauge.

Han kan ikkje fortelja kva bygg det er snakk om, grunna teieplikt.

No jobbar dei med smittesporing, testing og folk vert sett i karantene.

Begge testane vart tekne måndag, og begge tilfella har kvar sin smitteveg frå Bergen.

Dei to råka har milde symptom.

Les også
Eidfjord: God oversikt over koronasituasjonen
Les også
Heradet: – Me skal vera i mål med fyrste dose av noverande gruppe om to veker