VOSS: Heradet melder om ein postiv Covid-test. Foto: Colourbox

Nytt smittetilfelle på Voss: – Det er snakk om to nærkontaktar i heradet

Voss herad melder om éin positiv Covid-test. Tilfellet skal ikkje ha samanheng med Veko-utbrotet, men smittekjelda skal vera i Bergen.

Den smitta er busett i Bergen, men oppheld seg for tida på Voss, då vedkomande har ei tilknyting til heradet.

To nærkontaktar på Voss

– Dei aller fleste nærkontaktane er i Bergen. Det er snakk om 11-12 stykk. Her på Voss er det snakk om to nærkontaktar, så me har god kontroll på situasjonen, seier kommuneoverlege Eystein Hauge.

Smittekjelda er lokalisert i Bergen. Etter det heradet kjenner til så langt, er det ingen samanheng med Veko-utbrotet.

Det er snakk om ein hurtigtest som er venta stadfesta i løpet av dagen.

Les også
Over 400 testa seg etter Veko-utbrotet: – Mest truleg over