PÅ FINSE: Måndag klokka 12 vert det offentleggjort kven som skal køyra all togtrafikk mellom Bergen og Oslo dei neste elleve åra. Biletet er frå Finse tidlegare i år. Foto: Karl Ystanes

Offentleggjer kven som skal køyra trafikken på Bergensbanen

Jernbanedirektoratet kunngjer måndag kven som får kontrakt for trafikken på Bergensbanen og Vossebanen.

Klokka 12.00 skal jernbanedirektør Kirsti Slotsvik offentleggjera kven som får kontrakten for den tredje trafikkpakka som er lagt ut for konkurranse om togtrafikken i Noreg.

Vy stakk av med sigeren i anbodskonkurransen, og får køyra tog på Bergensbanen og Vossebanen i elleve år til.

Trafikkpakka omfattar all trafikk med persontog på Bergensbanen og Vossebanen.

– Det betyr alle fjerntoga mellom Oslo og Bergen, alle regiontoga på strekninga Bergen — Voss — Myrdal og alle lokaltoga mellom Bergen og Arna, melder Jernbanedirektoratet.

Kontrakt på elleve år

Operatøren som til slutt får oppdraget har ein kontrakt for ein periode på elleve år, og kan starta opp trafikken frå desember 2020.

Ifylgje NRK er SJ Norge, tyske Arriva i kompaniskap med busselskapet Tide og Vy med i sluttspurten om kven som skal køyra persontog på Bergensbanen det neste tiåret.