RASSTADEN: Omfattende skadar på snøoverbygget. Foto: Bane NOR

– Omfattande skadar

Enkelte stader på Bergensbanen har det samla seg opp til tre meter snø. Ryddinga vil ta iallfall heile onsdagen. I tillegg kan det ta lang tid å reparera kontaktleidingen.

– Geolog og skredekspert har i dag tidleg gjeve klarsignal til at ryddinga no kan byrja. Men det er eit stort arbeid, som ein vil trengja heile onsdagen til, seier pressevakt Liv Tone Otterholt i Bane NOR.

Raset som gjekk ved Kleven ved Myrdal måndag klokka 13.30 har treft eit eldre snøverbygg. Rundt 25 meter av bygget vart skadd, og kontakleidningen vart riven ned som fylgje av raset.

– Det er store skadar på leidningen, og det vil ta tid å reparera han. Kor mykje, veit me førebels ikkje. Oppdatert informasjon om dette vil verta gjeve klokka 16.00, seier Otterholt.

Vy tilrår dei reisande å fylgja med på den alternative transporten som er sett opp.

Buss for tog har vist seg å vera vanskeleg dei siste dagene. Uvér i fjellet har gjort at alle fjellovergangane mellom aust og til tider har vore stengde samstundes.

Vy tilrår reisande å sjekka ut transportvilkåra for billetten ein har, for å få eventuell refusjon viss reisa ikkje kan gjennomførast.

Bergensbanen er stengd mellom Myrdal og Ustaoset. Lokaltog Myrdal - Voss - Bergen går som normalt.

Les også
Usikkert når Bergensbanen kan opnast
Les også
Stor skredfare, snø og vind på rasstaden
Les også
Raset tok snøoverbygg og kontaktleidning
Les også
Buss for tog kan verta vanskeleg