LANGFREDAG: Bjørgamarka barnehage vil vera open langfredag for born av foreldre som jobbar i samfunnskritiske funksjonar. Biletet er frå arkivet. Foto: Brynhild Steine

Omsorgstilbod i skular og barnehagar også i påsken

Nokre skular og barnehagar på Voss kjem for fyrste gong i historia til å gje omsorgstilbod til born skjærtorsdag, langfredag og 2. påskedag.

– På grunn av koronaepidemien ynskjer styresmaktene at me gjev eit tilbod til born av foreldre i samfunnskritiske funksjonar som må jobba i påsken, og utsette born og unge, seier kommunalsjef for oppvekst i Voss herad, Frode Monsen.

Ikkje alle

Men ikkje alle skular og barnehagar vert opne, og heller ikkje på alle dei raude dagane.

– Viss familiar treng eit tilbod til borna sine i påskedagane, skal me syta for at dei får det. Me har bede om tilbakemelding frå foreldra om kva slags tilbod dei treng for borna sine desse dagane, seier Monsen.

Personalet stiller opp

Bjørgamarka barnehage er mellom dei barnehagane som vil ver opne i påsken.

– Førebels veit eg at me vil vera open på langfredag. Då har me tilbod til born av foreldre som jobbar i samfunnskritiske funksjonar. Det er spesielle tider, og då må også me stilla opp på den store dugnaden. Eg vil skryta av personalet her i barnehagen. Dei har verkeleg ikkje vore tungbedne når me har spurt om dei kan tenkja seg å jobba på dei raude dagane i påsken. Dette er vår måte å vera rause på, seier barnehagestyrar Turid Kvitne.

To skular opne

Både Bjørgamarka skule og Palmafossen skule skal ha tilbod til nokre av skuleborna på nokre av dagane i påskeveka.

– Me har tilbod til born tysdag og andre påskedag. Desse dagane har me ikkje undervisning, men gjev eit omsorgstilbod som liknar på SFO. Det er primært born av foreldre som jobbar i helsevesenet som nyttar seg av tilbodet, seier rektor Camilla Jacobsen ved Palmafossen skule.

Bjørgum skule vil vera open på skjærtorsdag for nokre få born, opplyser rektor Steinar Rygg.

PÅSKEOPEN: Skulane på Bjørgum og Palmafossen vil ha tilbod til born også på nokre av dei raude dagane i påsken. Biletet er frå arkivet og syner påskepynt som borna på Bjørgum skule laga til påsken 2018. Foto: Ingvild Siglen Berger

– Me skal hada ope etter behov, og førebels veit me at det er eit behov på skjærtorsdagen, seier Steinar Rygg.

Kan opna etter påske

Kommunalsjef Frode Monsen seier at Voss herad er klare til å opna barnehagar og skular etter påske om styresmaktene opnar opp for det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kan klara å opna opp over påske, men det avgjerande er sjølvsagt dei helsefaglege råda me får frå styresmaktene sentralt og kommuneoverlegen. Men me vil få nokre utfordringar knytt til at ein del kommunalt tilsette i oppvekstsektoren mellombels er omplasserte til stillingar innan helse og omsorg i heradet, seier kommunalsjef Frode Monsen.

– Berre køyr på

Kommuneoverlege Eystein Hauge i Voss herad seier at om dei sentrale helsestyresmaktene opnar opp for at skular og barnehagar kan opnast etter påske, er det berre å køyra på.

– Det er ingen særskilde tilhøve på Voss som tilseier at me ikkje kan fylgja eit slikt råd om det skule koma. Det er berre å opna opp så fort som råd, seier Eystein Hauge.

Regjeringa vil onsdag avgjera om skular og barnehagar kan opna etter påsken.