STOGGA SUNDAG: Toget med 70 passasjerar vart stogga på Voss, grunna ras mellom Myrdal og Geilo. Foto: Geir Geitle

Ope att på Bergensbanen, vurderer Vikafjellet

BaneNor melder tidleg måndag morgon at Bergensbanen no er opna att for passasjertrafikk, etter uvêret sundag.

Tidleg sundag morgon gjekk eit ras ved Klevanosi mellom Hallingskeid og Myrdal, ikkje langt frå staden der det rasa 17. februar. Eit arbeidstog køyrde inn i raset, men kom seg laus for eiga maskin.

Vikafjellet

Rv 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av snøras og fare for ras, melder Statens vegvesen. Ny vurdering vil verta gjort i dag klokka 12.