Kommunetopp blir heradstopp: Ordføraren gjestar podkasten denne veka. Foto: Helge Søfteland

Ordførarbesøk i podkasten

Det vert temperatur i studio når panelet, som er vane med å snakka om ordføraren, får besøk av ordføraren.

Redaktør Geir Geitle og journalistane Rolf Tepstad og Bjørn Sandnes har alle kryssa penn tidt og ofte med ordføraren, og diskuterer tema som barnehage på Bolstad, legekontor i Granvin, openheit i kommunen, korleis ordskiftet bør vera og økonomi no når me vert Voss Herad.

Politisk journalist Stine Strand Carlsen er innom med siste nytt frå det historiske siste kommunestyremøtet i Voss, og sportsjournalist Ørjan Brattetveit spår vossa-suksess i skiløypene denne helga og!