Stemmene er talde opp, og dei ni kabinane skal få namna sine i veke 28.
Stemmene er talde opp, og dei ni kabinane skal få namna sine i veke 28. Foto: Siri Flatlandsmo

Over 2000 stemmer på kabin-namna

Stemmene er talde opp, og dei ni fjellnamna til kabinane på Voss Gondol er valde ut.

Namna på dei ni kabinane kjem til å bli offentleggjort i ei direktesending påwww.avisa-hordaland.no frå opningsdagen av Voss Gondol i veke 28.

– Det har vore eit stort engasjement, og me gler oss til å visa fram namna når dei er klare på kabinane, seier administrerande direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle.

Les òg:

-Stem fram dei ni beste fjellnamna til gondolen.

-Reportasje: Gondol 2.0.

-Kronprinsen har svara på gondol-invitasjonen.

Stort engasjement

I alt har 510 personar stemt på dei 15 namna på fjella som juryen plukka ut før avrøystinga.

Det er dei ni namna med flest stemmer som no er valde ut, og som skal vera namna på kabinane.

Hordaland fekk inn 2412 stemmer i samband med avrøystinga på namna som skal på kabinane på Voss Gondol.