annonse

Over 90.000 hjortedyr er testa for skrantesjuke

SKRANTESJUKE
SKRANTESJUKE: Veterinærinstituttet har testa 90.000 hjortedyr for skrantesjuke sidan 2016. (Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK)

Sidan 2016 har Veterinærinstituttet testa 90.000 hjortedyr for skrantesjuke. Trass i få smittetilfelle er behovet for overvaking framleis til stades.

  • NPK-NTB

For tre år sidan vart dei fyrste tilfella av den dødelege og smittsame varianten av skrantesjuke funne på villrein i Nordfjella i Noreg. Det sette i gang ei omfattande testing av jakta og slakta hjortedyr.

Av totalt 90.093 prøvar har 25 positive tilfelle vorte oppdaga, ifylgje Veterinærinstituttet som har samarbeidd med Mattilsynet, Miljødirektoratet og Norsk institutt for naturforsking (NINA) om testinga.

Så langt i år er drygt 20.000 prøvar undersøkte, av dei har berre éin påvist skrantesjuke. Prøven vart teken av ein 20 år gammal elg i Selbu, og det var ein atypisk variant som ikkje blir sett på som smittsam, som vart oppdaga.

– Frå Hardangervidda er det undersøkt om lag 1000 prøvar, alle med negativt resultat. Me ligg dermed godt an i forhold til å nå 2020-målsetjinga om 90 prosent sikkerheit for at det ikkje er rein med skrantesjuke på Hardangervidda, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Landbruks- og matdepartementet presiserer at behovet for overvaking framleis er til stades, og oppmodar alle bidragsytarar om framleis å sikra gode prøvar og å registrera på korrekt vis.

Les og:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse