TEST: Brian L. Østebrøt testar ein person ved testsenteret i Lekvebakken. Foto: Ørjan Brattetveit

Over hundre smitta på Voss sidan mars

Det er meldt om to nye smittetilfelle i Voss herad i dag. Dermed er over hundre smitta i heradet sidan pandemien braut ut.

– Det er meldt om to nye smittetilfelle i Voss herad i dag, opplyser stabssjef for innbyggjarservice, Tor Halvorsen i Voss herad.

Var i karantene

Halvorsen opplyser at begge dei to var i karantene som nærkontaktar. Og at smitta er spora attende til smitta som førte til at to legekontor vart stengde for ei veke sidan.

– Smitta er spora tilbake til smitte frå eitt av legekontora, seier Halvorsen.

Les også
Nytt koronautbrot på ungdomsskule-elev - endå ein 9.-klasse i karantene

Over hundre

Sidan koronapandemien braut ut har no over hundre personar i Voss herad vorte smitta. På oversikta til Folkehelseinstituttet står det no at 102 er smitta i Voss herad sidan mars.

Les også
Her har dei teke over 3000 koronatestar