- Turen over Hardangervidda er nok det eg har gledd meg mest til av alt.
- Turen over Hardangervidda er nok det eg har gledd meg mest til av alt.

På eventyr i fjellheimen

Er det verdt å ta fri frå «det normale livet» berre for å vera på tur? Ja, meiner Synnøve Bjørgum etter tre veker på eventyr i den norske fjell­heimen.

Vinden tek tak, og det er tungt å stå imot vinden. Turfylgjet vårt på tre personar og ei bikkje står ved brøytestikka i den merka turistløypa og speidar etter neste stikke.

Plutseleg dukkar brøytestikka opp gjennom fokksnøen rundt oss, og me fortar oss å gå før ho forsvinn att. Me forstår at dette ikkje er ein dag me kan bevega oss langt, og me vil difor ta inn på hytta som er to kilometer unna.

Når me er 100 meter unna kan me framleis ikkje sjå hytta. I kaoset spring bikkja rundt beina på oss, og ting frå topploket i sekken dett ut og me får akkurat tak i tinga før dei blir borte i vinden. Heldigvis har me med oss GPS, som viser oss vegen inn til ly og varme.

NOKRE MÅNADER TIDLEGARE, i november, fekk me timeplanen som gjeld etter jol. Den viser at me skal gå Rondane på langs i mars, etterfylgd av ei veke med klatring, før me får ei veke disponert til eigentur.

Ei stor turlyst fell over meg, og eg byrjar å drøyma om Hardangervidda, mitt favorittområde utanom vossafjella. Planlegginga byrjar, eg ordnar fri frå klatreveka, og i desember byrjar eg jamleg å trekkja pulk. Emil, ein kompis i klassen, synest dette er ein knakande god ide, og slengjer seg med. Det gjer også fleire venner, som berre har moglegheit til å vera med litt av turen.

-- Pocahontas lurte seg inn i hjarta mitt på turen.
-- Pocahontas lurte seg inn i hjarta mitt på turen.
I Skarvheimen hadde fjellet fest, og då fauk snøen rundt dei.
I Skarvheimen hadde fjellet fest, og då fauk snøen rundt dei.
Leir på Halne for seks personar og 18 bikkjer.
Leir på Halne for seks personar og 18 bikkjer.

Aller fyrst skulle Rondane gåast på langs, saman med klassen min. På fem dagar fekk me oppleva nydelege Rondane, både i snødekt prakt og av alle ting i si snøfrie prakt. Det var ei fin oppleving å sjå korleis alle ytte med sine ressursar, og me forserte 80 kilometer gjennom krevjande terreng.

Grønlandshunden Pocahontas lurte seg også inn i hjarta mitt på turen. I øktene drog ho som ein bjørn, og i pausane vart ho ein stor kosebamse. Pocahontas fekk eg låna av naboen og klassevenninna mi Marit Ånes, som til vanleg brukar Pocahontas i profesjonell hundekøyring. Denne sesongen har dei til og med delteke på VM i hundekøyring i Austerrike.

ETTER FEM DAGAR nådde mange solbrente fjes og to lukkelege bikkjer Hjerkinn, med endå nærare band til kvarandre enn før. Hamburgaren på bensinstasjonen smakte nydeleg, før me fór kvart til vårt. For meg tydde det å vaska ulltøy og pakka om pulken. To netter i senga mi var fantastisk, men endå meir fantastisk var det å bli køyrd til Breistølen, nær Hemsedal, og byrja på ferda gjennom Skarvheimen.

Nok ein gong var bikkja Pocahontas og klassekompisen Emil med på turen, og hybelvenninna mi frå Elverum vart med fram til Finse. Turen byrja hardt, med klabbeføre, bratt stigning og mykje vind. Me bygde vår fyrste le-vegg den kvelden. Le-vegg byggjer ein av blokker i snø, og skal verna teltet mot sterk vind.

Dette vart ei vindfull veke, me bygde le-vegg på kvar einaste teltovernatting. På dagen kunne det vera heilt vindstille, men på kvelden hadde fjellet fest, for då fauk snøen rundt oss. Det var på denne etappen me også opplevde den sterke vinden på dagtid som me seinare fann ut var opp i 27 sekundmeter, altså full storm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me lærte ekstremt mykje, om kva vêr som er forsvarleg å bevega seg i og korleis ein får bygd best mogleg le-vegg. Etter seks dagar og 70 kilometer stod me på Finse, og hadde kryssa omkring halve Skarvheimen. Smaken av den ferske maten på Finse var eineståande, og kviledagen vart brukt i sola og til å lada opp mobil-batteria inne på hotellet på Finse.

Lukkeskalaen var nok sprengd, og steig til nye høgder då me møtte nye klasse­kameratar til turen over Hardangervidda.

HARDANGERVIDDA ER NOK det eg har gledd meg mest til av alt. Etter eg kryssa Hardangervidda åleine i sommar, frå Rjukan i Telemark til Lofthus i Hardanger, vart det å gå frå Finse til Haukeli­seter på vinterstid min nye draum. Og då to nye klasseveninner og to nye klassekompisar med to hundespann kom for å dela opplevinga med oss, måtte eg klypa meg i armen for å sjekka at dette faktisk var sant.

Etter å ha stappa i oss det me makta av fersk mat frå den nydelege buffeten på Finsehytta, var alle dagen etter klare for å gå vidare mot bilvegen på Halne. Sola skein frå skyfri himmel, og skiføret var fantastisk. Bikkja var gira etter ein heil kviledag, somme plassar trong eg knapt å gå sjølv. Stemninga var lystig i gruppa, og då me nådde forventa leirplass i 14-tida, ville me alle halda fram. Og jammen nådde me bilvegen på Halne same dagen som me byrja å gå. Kjekt å kunna gå så langt, litt mindre kjekt å måtta seia farvel til to i gruppa vår etter overnattinga på Halne.

Hundespanna vart med oss lenger, og då Emil også fekk spent ei bikkje i magebeltet, suste me innover vidda. Etter ein lang dag var me plutseleg på Sandhaug, og tok inn på turisthytta. Det viste seg at hundespann-køyrarane hadde med seg ein heil godtebutikk, og delte gladeleg ut til meg og Emil. Ein skulle nesten tru me aldri hadde sett mat før.

Sidan me eigentleg hadde brukt to dagar på avstanden me tenkte me skulle bruka fire dagar på, unte me oss ein kviledag på hytta på Sandhaug. Dagen vart brukt til å lesa bok, spela kort, eta godteri og å ta oss ein liten tur med hundespanna i nærleiken av Sandhaug. Livet dreia seg veldig om det som skjedde der og då, naturen kring oss og berre det å nyta å vera til.

DET VAR TRE dagsetappar att, og hundespanna skulle heim denne dagen. Det er ikkje lov til å ha med hund på bussen frå Haukeliseter, så min store kjærleik på turen, Pocahontas, måtte heim med hundetransporten.

Tårene silte og hunden ulte då den siste klemmen var tatt, og eg spente på meg skia. Etter kvart som eg forsvann meir og meir, ulte ho høgare og høgare, og tåre på tåre silte ned kjaken. Akkurat då greidde eg ikkje forstå at eg skulle få sjå ho att om berre nokre dagar, livet på tur dreiar seg om augneblinken der og då. Men då eg ikkje lenger kunne høyra ulinga, bestemte eg meg for å retta blikket opp og fram, og dagsetappen til Litlos vart ei fin oppleving. Sjølv om me måtte gå på skifeller, då me ikkje hadde med raud ski­smurning.

Vidare gjekk turen forbi Hellevassbu, før me fekk vår aller siste teltovernatting. Dagen etter skulle me berre gå eit fåtals kilometer, og me hadde tatt ein råsjanse på ikkje å ha med kart for denne eine dagen. Det var ein feil me aldri gjer igjen.

Kvistinga var mangelfull, og tok oss med ned i ein dal langt unna målet vårt. GPS-en kunne heldigvis visa oss vegen opp til stien og til Haukeliseter. Tankane mine svirra om kva som ville skjedd om dette hadde skjedd med lite erfarne turistar utan GPS, utan ekstra mat og utan moglegheiter for overnatting i telt. Eg vil difor senda ut ei stor utfordring til dei som kvistar løypene. Skal løypa kvistast, skal det gjerast ordentleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

ER DET VERDT det? Er det verdt å ta fri frå «det normale livet» berre for å vera på tur? Kva sit eg att med etter mine tre veker på eventyr i den norske fjell­heimen?

Eg har meistringsgleda frå 13 teltovernattingar, tre hytteovernattingar, i tillegg til 278 km tilbakelagt på ski. Eg har også ei stor takknemlegheitskjensle til Den norske turistforeininga, med sine opne hytter og merka stiar. Andre ting eg vil trekkja fram er nærare vennskap med alle deltakarane på turen, ein sterkare kropp, eit sol-farga ansikt og fantastiske naturopplevingar. Rett og slett har eg fått ei stor lukkekjensle av naturen og det enkle livet på tur.

Lengselen tilbake er alt stor, og eg trøystar meg med at det snart er påskeferie, og eg skal heim til Voss for å nyta livet i vossafjella saman med pappaen min.