annonse

På tur i verdsarven

GRINDAFLETHYTTA
GRINDAFLETHYTTA: Voss Utferdslag sine hytter i verds­arvområdet. (Foto: Privat)

Like utanfor døra vår ligg naturskattar folk frå heile verda reiser lang veg for å oppleva.

I Nærøyfjorden verdsarvområde ligg Grindaflethytta som eit fantastisk utgangspunkt for å oppleva ein ekte «Norway in a nutshell»-tur.

Frå Voss kan ein med buss ta seg til Stalheim og Fyre.

Her kan roa senka seg medan du vandrar langs skogsvegen, forbi den nedlagte garden Øvsthus, og opp Øvsthusdalen på T-merkt sti.

Ved dei gamle husa i Øvsthusdalen er det godt å sitja og nyta utsikta til fyrste nistepausen.

Turen vidare til Stangahøgdi er i brattare lende der ein raskt forserer det som er igjen av høgdemeter.

Vidare langs dei fine vatna er det lettgått sti heile vegen til Grindaflethytta.

I indrefileten

På mange måtar kan ein seia at hytta er plassert i indrefileten av den verdskjende naturen.

Plassert i eit ope og fredeleg terreng attmed Grindafletvatni, omkransa av turmoglegheiter med fantastisk utsikt.

Såleis er den verd å stoppa på nokre dagar for utforsking av naturområdet rundt.

Frå hytta kan du også fylgja merkt løype til Langhuso og unike Undredal, der ein kan koma seg vidare med båt til Flåm eller Gudvangen.

Med same stien som utgangspunkt er det ein kjempeflott tur til Ramsøy­nuten og vidare mot Vindeggi. Du er no rett over Gudvangen og Nærøyfjorden med utsikt til det dramatiske fjordlandskapet.

Om ein vil, kan ein gå til Stigen. Ein lang tur der siste del ikkje er T-merkt, med utsikt over dei verdskjende fjordane og landskapet rundt.

Frå Stigen må ein ha båt.

Nysteikte vaflar

Eit anna flott alternativ frå hytta er stien i høgfjellslandskap og bjørke­kledde stølslier ned til Flåm, og Flåmsbana.

På togturen til Myrdal er det verdt å stoppa på heimekoselege Vatnahalsen Hotel for nysteikte vaflar.

Frå Myrdal kan du velja å forlengja turen på den T-merkte stien vidare i høgfjellslandskap til Kaldavasshytta. Du kjem no inn i eit røft fjellterreng med fleire flotte turmål.

Stoppar du for ei natt og to, kan du mellom anna ta ein tur til breen Vossa­skavlen, skildra i Fridtjov ­Nansen sin legendariske tur frå aust til vest, som er staden der Noregs eldste ski er funnen.

Frå Kaldavasshytta er det T-merkt sti til Upsete og tog aust- eller vestover. Vestover på veg eller med tog ligg Kårdal fjellstove på Mjølfjell. Her kan du få deg eit betre måltid medan du fordøyer ei ekte fjell- og fjordoppleving.

Toril Hunnålvatn, Voss Utferdslag

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse