VÅT LANDING: Ein paraglider landa i Vangsvatnet sundag. Alle naudetatane rykte ut. Etter det Hordaland forstår av politiet sine meldingar på Twitter, skal det ha gått bra med piloten. Foto: Bjørn Sandnes

Paraglider styrta i Vangsvatnet

Sundag ettermiddag melder politiet om ein paraglider som har styrta i Vangsvatnet.

Melding om at ein paraglider hadde hamna i vatnet kom på Vest politidistrikt sin Twitter-konto klokka 13.11.

Nødetatane har kome til staden, og politiet melder om at ein person har teke seg inn til land, og at personen verkar uskadd.

Klokka 14.00 melder politiet at dei er ferdige på staden, og at personen som landa i vatnet er uskadd.