No er det berre å koma seg ut og bli der, for resten av påsken vert det knallvêr. Finvêret byrjar i dag og vil berre verta betre utover av påsken.

– Det vert glimrande vêr både i låglandet og på fjellet. Difor spelar det inga rolle om du feirer påsken på fjellet, i byen eller ved sjøen. Det vert fint uansett, fortel Jørgen Grønneberg, vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.

Kan passera 18 grader

Temperaturane vil stiga utover i påska, men det kan fortsatt verta kaldt på natta.

– Det vil nok gå under 0 grader ein del stadar på natta, men natt til tysdag og onsdag vil det ikkje vera noko nattefrost, forklarer Grønneberg.

I dag byrjar temperaturane å stiga, og det er meldt opp mot 13 grader.

– Maksteperaturen vil vera stigande utover påska. Laurdag vil han nok koma opp i 13-14 grader, og sundag og mandag vil han sannsynlegvis passera 15-talet nokre stadar. Tirsdag og onsdag neste veke vil gradestokken gå opp mot 18 grader, og lokalt kan det faktisk verta endå varmare, seier Grønneberg.

Godvêr langt framover

Vindforholda vil halda seg rolege med litt skiftande bris. Det er mogleg det kjem nokre skyer i morgon, men ifylgje Grønneberg er desse så små at det ikkje er noko særleg å bry seg om.

Det er usikkert akkurat kor lenge det flotte vêret vil halda seg, men det varer i alle fall til midten av neste veke. Ut frå meldingane i dag ser det ut til å vara heilt til neste helg.

Grønneberg seier at påskevêret er som venta.

– Sidan påsken er såpass sein var det sannsynleg at godvêret ville koma. Det har vore litt vind i byrjinga av påsken, men no vert det betre.