Illustrasjonsfoto: Lars Olve Hesjedal

Toget går som normalt att

Togtrafikken går som vanleg igjen, etter at ein person i morgontimane gjekk inn på toglina mellom Bulken og Evanger.

At personen gjekk inn på jernbanen, gav forseinkingar for toga i morgontima.

– Me venter no på at politiet skal få kontroll, sa pressevakt Britt-Johanne Wang i Bane Nor til Hordaland klokka 06.43.

– Me har observasjonar på vedkomande, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit hjå Vest politidistrikt kort tid etter.

Klokka 07.30 hadde politiet fått tak i personen, og det vart kort tid etter rapportert om at togtrafikken gjekk som normalt.

Det vart sett opp taxi for tog medan jernbanelina var stengd.