ÅTVARAR: Politiet på Voss oppmodar folk til å vera obs på falske fakturaer som er i omløp. Lensmann Ivar Hellene på biletet. Foto: Lars Olve Hesjedal

Politiet åtvarar mot svindelforsøk

Fleire lag og organisasjonar i distriktet har fått falske fakturaer. - Ver på vakt, oppmoder politiet.

Måndag har politiet på Voss fått inn fleire meldingar om folk som er prøvd svindla.

– Det har vore fleire falske fakturaer i omløp, der folk får rekningar på opp mot 3000 euro. Fleire lag og organisasjonar har fått desse rekningane, der dei får rekningar på utstyr og tenester som ikkje er reelle, men som ved fyrste augnekast kan sjå slik ut, seier politibetjent Per Gunnar Thrane i politiet på Voss.

Frå utlandet

Dei falske fakturaene kjem frå utlandet. Det er heller ikkje uvanleg at svindlarane stel logoar til kjende norske firma, for å framstå som ekte.

– Me vil oppmoda folk til å vera på vakt, og alltid dobbelsjekka slike rekningar. Svindlarane er kyniske, og utviklar stadig nye metodar for å stela til seg pengar, seier Thrane.

– Har nokon mista pengar som fylgje av dette?

– Heldigvis har transaksjonane blitt oppdaga av bankane, og det har gått bra med dei me har vore i kontakt med. Men uhellet kan fort vera ute.

Også privatpersonar

Han ser ikkje vekk ifrå at også privatpersonar kan vera prøvd svindla av slike bakmenn.

– Her kan kven som helst ha fått falske fakturaer. Ha kontroll på kva du har bestilt, og ikkje betal noko som du ikkje veit kva er, oppmodar politiet.