TA OMSYN: Politiet ber bilistar ta omsyn til skuleborn dei neste dagane. Biletet er frå arkivet. Foto: Marita Saue Hamre

Politiet ber bilistar ta omsyn til skulestart

Måndag er skulestart for mange små i distriktet. Politiet ber bilistar ta omsyn.

Det er mange som startar på skulen att etter ferien, og for nokon av dei er det fyrste skuledag.

Politiet ber bilistar som er ute i trafikken om å ta omsyn til skulestart.

– Det er skulestart, og mange nye mjuke trafikantar skal ut å gå. Som alltid, køyr forsiktig, og ha fokus på det viktigaste, nemleg det å føra bilen på ein trygg og sikker måte, oppmodar dei på Twitter.

Politiet med auka fokus

Dei opplyser også om at dei har auka fokus dei nærare dagane.

– Det er ingen løyndom at politiet har eit ekstra fokus på skulevegar dei nærmaste dagane.

Les også
Olivia er ein av 191 fyrsteklassingar på Voss som har fyrste skuledag i dag
Les også
Fyrste skuledag: Sjå status i din kommune