TRAVEL NATT: Vest politidistrikt melder om ei svært travel natt til 1. pinsedag. Biletet er frå arkivet. Foto: Lars Olve Hesjedal

Politiet melder om ei svært travel natt

Natt til 1. pinsedag har vore travel for Vest politidistrikt.

Politiet opplyser at det har vore ekstremt mange som har gjeve meldingar om at natteroa har blitt forstyrra.

– Me har dessverre ikkje hatt kapasitet til å rykkja ut på alt, melder politiet.

Laurdag var den varmaste dagen så langt i år, med 25,3 grader og mykje folk ute som naut sommarvêret.

Les også
100 kilo tung stein hamna i vegbana på E16
Les også
Mykje uniformert personell på Voss i pinsen