SKJEDDE HER: Her, ved Coop Extra på Skulestadmo, vart jenta forsøkt lokka inn i ein bil. Politiet ynskjer framleis tips i saka. Foto: Helge Søfteland

Politiet etterlyser framleis tips etter bortføringsforsøket

Det er ikkje kome inn nye tips etter at ei jente på sju år vart forsøkt lokka inn i ein bil tysdag.

Det fortel politibetjent Jostein Pedersen ved Voss lensmannsdistrikt til Hordaland fredag.

– Me ynskjer framleis tips i saka, og ber folk melda frå om dei har opplysningar i saka, seier Pedersen.

Mørk varebil

Det var tysdag etter skulen at den sju år gamle jenta var på veg heim i 14.15-14.30-tida då ho vart stoppa av ein mann. Han skal ha prøvd å lokka henne inn i bilen sin med snop som lokkemiddel.

Dette skjedde like ved Coop Extra på Skulestadmo.

– Er det nokon som har sett ein vaksen mann og ei lita jenta i dette tidspunktet, er me interesserte i å få informasjon. Mannen skal ha hatt ein mørk personbil, eller mogleg ein liten varebil, seier politioverbetjent Henning Hegbom ved Voss lensmannskontor.

Sprang alt ho kunne

Jenta slapp unna då ho sprang alt ho kunne heim.

– Ho kom heim andpusten. Og ho fortalde det som hadde skjedd, sa mora til den sju år gamle jenta etter den ekle hendinga tysdag.

Mora fortalde til Hordaland at ho har snakka med dottera om at dersom nokon ho ikkje kjenner tek kontakt og vil gje snop eller liknande, så skal ho springa vekk.

Sjuåringen har fortalt at mannen ikkje hadde snopet på seg. Og at dette skulle vera i bilen.

Bilen stod parkert ved parkeringsplassen ved Coop, på sida mot bensinstasjonen. Jenta har sagt at mannen var litt vanskeleg å forstå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han snakka i alle fall ikkje vossamål, seier mora.