KLAR FOR FEIRING: Politiet på Voss oppmodar til berre høgst nødvendig ferdsel i sentrum. Her er Maria Elene Aga Gjøn (t.v), Henning Hegbom og Gunn Iren Brenden. Foto: Helge Søfteland

Politiet med ei oppmoding før 17. mai-feiringa

Politiet på Voss er klare for innsats 17. mai, sjølv om dei oppmodar til berre høgst nødvendig ferdsel i sentrum.

Det vert ein annleis 17. mai i år, og politiet kjem med ei oppmoding før årets feiring.

Les også
Hordaland med omfattande 17. mai-sending

– Det vert mellom anna musikk i gatene og veteranbilkortesje, for å halda vegen klar for dei som skal spela ber me om at det ikkje vert biltrafikk i sentrum mellom klokka 10 til 14, seier politioverbetjent Henning Hegbom hjå Voss lensmannsdistrikt.

Han oppmodar alle om å halda avstand og fylgja helsestyresmaktene sine smittevernreglar.

– Hald avstand til kvarandre. Politiet ynskjer alle ei riktig god 17. mai-helg, seier Hegbom.

Les også
Hordaland ynskjer å sjå dine 17. mai-foto