BLOKKERT: Den eine døre på blokka i Hangusrvegen vart sperra av møblar natt til 22. mai. Foto: Oddbjørn Nestås

Politiet offentleggjer video av dei som blokkerte hovuddøra til burettslag

No håpar politiet at publikum kan hjelpa å identifisera personane på videoen.

Laurdag 22. mai vakna bebuarar i Finne burettslag til at inngangsdøra var blokkert av tunge utemøblar. Dette hadde skjedd i løpet av natta.

Brannsjef på Voss David Skjerven gjekk hardt ut mot dette.

– Dette er noko meir enn ein vanleg rampestrek. Dette er ikkje berre ei utgangsdør, det er òg ein rømmingsveg i tilfelle brann. Dette kunne gått veldig ille om det hadde blitt ein brann medan døra var sperra, sa Skjerven til Hordaland.

Les også
Brannsjefen på Voss: – Dette er livsfarleg og heilt uakseptabelt

Under etterforsking

Saka vart meld til politiet, og hendinga er framleis under etterforsking.

– Me har snakka med fleire vitne, men me har framleis ikkje funne ut kven som har gjort dette. For å komma vidare i saka, går me no til media med film frå hendinga, i håp om at personane kan verta identifiserte, seier etterforskingsleiar ved Voss politistasjon, Håvard Skattum.

Her kan du sjå videoen som politiet no offentleggjer:

Filmen er teken av ein bebuar i blokka, rett etter ugjerninga skjedde.

Videoen syner to personar som spring frå åstaden. Den eine har på seg ei gul arbeidsjakke med refleksar.

– Me er interesserte i tips frå publikum om kven dette kan vera. Me veit at videoen er av dårleg kvalitet, og at ein ikkje kan sjå andleta til personane. Men det kan likevel vera folk kan kjenna att personane, eller som har sett noko i tilknyting til hendinga, seier Skattum.

– Potensielt veldig farleg

Skattum ber folk ringja inn tips på telefon 56528700.

Han opplyser at det ikkje berre var hovudinngangen til blokka som var sperra med møblar, men også fleire inngangar i burettslaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette ser politiet alvorleg på, og me ynskjer ikkje at slik oppførsel skal eskalera. Dette kunne potensielt vore veldig farleg om det skulle oppstått brann, seier Skattum.

Les også
Vart sperra inne i blokka