Ein person vart køyrd til Voss sjukehus etter ulukka.
Ein person vart køyrd til Voss sjukehus etter ulukka. Foto: Marita Saue Hamre / arkiv

Politiet opprettar sak etter trafikkulukke

Ein person er køyrd til Voss sjukehus etter ei trafikkulukke på Lofthus sundag kveld.

Politiet melde på Twitter klokka 19.46 sundag at ein bil hadde køyrt av vegen og ned i ein frukthage.

Det var éin person i bilen.

Personen vart køyrd med ambulanse til Voss sjukehus.

Naudetatane rykte ut

Politiet opprettar sak etter ulukka, melder dei på Twitter.

Naudetatane var på staden etter ulukka.

#Hardanger#Lofthus#Skredhaugen kl 1946: Nødetatene vært på stedet i forbindelse med en trafikkulykke. En bil kjørt av veien og ned i en frukthage. En person i bilen. Ble kjørt Voss sjukehus med ambulanse. Politiet oppretter sak.

— Vest politidistrikt (@politivest)August 11, 2019