HELGEDAG: Politiet oppmodar alle om å halda ro og fred på helgedagar. – Vent med hagearbeidet til tysdag. Foto: Marita Saue Hamre

Politiet: – Vent med hagearbeidet til tysdag

Politiet minner om at det skal vera ro og fred på helgedagar. – Ta omsyn og vent med arbeid til tysdag.

Fyrste pinsedag har politiet i Vest politidistrikt fått ein del klager på støy.

– Det er kome ein del klager på støy, frå grasklipping til arbeid med gravemaskin. Me ynskjer å minna om at det skal vera ro og fred på helgedagar.

Dei oppmodar om å venta med arbeid til tysdag.

– Dersom din betre halvdel masar om klipping av gras eller hekk, så kan du svara at politiet har sagt du må venta til tysdag. Ta omsyn.

Les også
Politiet melder om ei svært travel natt
Les også
100 kilo tung stein hamna i vegbana på E16