Mange har spist kamel i kommunehuset siste tida, men det vart nok kake då kulturhussjefen kom på plass.
Mange har spist kamel i kommunehuset siste tida, men det vart nok kake då kulturhussjefen kom på plass.

Politikarane må høyra på folket

Legekontoret i Granvin vert vidareført, og våre kommentatorar er ikkje overraska i denne vekas podkast, der me og får høyra meir om skjebnen til Hagahaugen og framtida i kulturhuset.

Randi kvinge (44) er no tilsett som kulturhussjef, og tek med seg visjonar og klare vegval til jobben, som ho førebels skal pendla til. Kvinge er busett på Frekhaug i Meland kommune. 

Politikarforakt

Politisk kommentator Rolf Tepstad er glad for at politikarane og administrasjonen fann pengar til legekontoret i Granvin, og trur at dei kanskje må jenka seg i saka om barnehage på Bolstad og.

– Dei styrande sit med all makt, men eg håpar at dei ikkje gjer som dei vil berre fordi dei kan. Dei må visa rausheit. Det er grenser for kor lenge folk vil finna seg i at dei ikkje vert høyrde, som var kjensla mange sat med etter valet i haust. Då er me farleg nær politikarforakt og eittparti-herad, tykkjer Tepstad. Redaktør Geitle er einig.

– Me må nok ta vår rolle som fjerde statsmakt enno meir alvorleg, og eg håpar at dei styrande partia tek omsyn til opposisjonen og lar dei få nokre sigrar dei og, seier redaktøren.

Høyr meir i denne vekas podkast.