BYGD ISOLERT: Bygda Osa er isolert etter raset torsdag ettermiddag. Raset gjekk langs Osafjorden på fv 5374 Foto: 1881.no

Ras mellom Ulvik og Osa

Eit stort steinras har øydelagt fylkesvegen mellom Ulvik og Osa.

RAS: Eit steinras på vegen mellom Ulvik og Osa har teke med seg halve vegbana. Foto: Lars Osa Brattli

Raset har skjedd i ettermiddag. På Statens vegvesen sine nettsider står det at vegen var stengd frå klokka 15.14.

Ifylgje trafikkoperatør Jan Marøy ved Vegtrafikksentralen er det fastslått at ingen bilar og ingen personar er tekne av raset.

Kva tid utbetringsarbeidet vil starta, og kor lenge vegen kjem til å bli stengd, vil Marøy derimot ikkje meina noko om.

- Våre fagfolk startar arbeidet sitt når dagsljoset er på plass i morgon tidleg. Ei ny vurdering om kva tid vegen kan opnast, vil såleis ikkje føreliggja før klokka 10 i morgon, seier Marøy.

På ein video Lars Osa Brattli har send frå staden, ser ein at det er eit stort steinras som har nådd vegen. Halve vegbana er borte etter raset.

Osa ligg 10 km frå Ulvik. Dei om lag 30 fastbuande er isolerte etter at raset har teke vegen, då det ikkje finst fleire vegar ut frå bygda.

Les også
Ulvik herad har sett krisestab
Les også
– Det er alltid litt ekkelt her