Vallaviktunnelen stengde sundag ettermiddag grunna oppryddingsarbeid etter eit mindre ras.
Vallaviktunnelen stengde sundag ettermiddag grunna oppryddingsarbeid etter eit mindre ras. Foto: Vidar Herre/Arkiv

Ras stengde tunell på riksveg

Vallaviktunnelen på riksveg 13 mellom Granvin og Ulvik vart stengd grunna eit mindre ras inne i tunellen.

Sundag like før klokka 15.30 melde Vegtrafikksentralen vest på Twitter om eit ras i Vallaviktunnelen.

Tunellen vart stengd, og det vart trafikale problem på staden ein periode sundag ettermiddag.

Rett over klokka 16 vart tunellen rydda og opna att for trafikk.

Les òg:

-– Det var ei veldig ekkel oppleving.

Rykte ut til staden

Naudetatane rykte ut til staden, og fekk undersøkt raset.

– Brannvesenet er ferdig på staden, og tunellen er klarert, melder 110-sentralen på Twitter like etter klokka 16 sundag.

Det vart omkøyring for personbilar via fylkesveg 572.

Rv13 Vallaviktunnelen i Granvin, Hordaland; tunnelen er åpnet igjen etter oppryddingsarbeid.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)July 7, 2019

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesen ferdig på stedet. Tunnelen er klarert

— 110 Hordaland (@110Hordaland)July 7, 2019