Rasråka vegar vert klasserom for geologistudentar. Her frå Bolstad 29. august.
Rasråka vegar vert klasserom for geologistudentar. Her frå Bolstad 29. august. Foto: Sigrid Seim

Rasfarlege vegar blir undervisningsrom

E16 mellom Bergen og Oslo er berykta for ras- og bilulukker. No er både denne vegen og andre farlege vegar tekne i bruk som undervisningsrom for geologistudentar.

Les og:

-K5 hastar mest, det er alle samde om

-Manuell dirigering på E16 minst ut september, kan verta stengd når som helst

-

Sjå videoen då den nye fylkesordføraren var på Bolstad og ville ha K5 før Hordfast

-

Les alt om ein torsdag i august 2019 som vart særs krevjande på trafikkfronten

– Eigentleg er dette himmelen for ein geolog som interesserer seg for ras, seier geologiprofessor Jostein Bakke til På Høyden.

Universitetsavisa fortel at Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen har teke i bruk delar av den rasfarlege vegen for å undervisa geologistudentar. Ifylgje avisa er det i dag mangel på fagfolk med felterfaring, noko som mellom anna har ført til at Norges geologiske undersøkingar har måtta rekruttera fagfolk frå utlandet.

E16 er ikkje den einaste plassen studentane får undervisning i geofarar. Studentane har også vore på ekskursjonar og feltkurs til Stord, Bømlo, Sogn, Spania og fleire andre stader.