SÅ NÆRE VAR DEI: Her ser ein bilen til to sveitsiske turistar etter at raset gjekk på Bakkavegen i Gudvangen 5. august. Bilen var ikkje køyrande etter å ha vorte treft av raset. Foto: Arne Veum

Rasråka veg stengd grunna fare for nye ras

Vegvesenet stengjer veg i Gudvangen

Det er fylkesveg 5623 mellom Gudvangen og Bakka som vert stengd frå klokka 17.00 i dag til klokka 08.15 i morgon.

Årsaka er at det er meldt mykje regn.

Det ligg fem grender innafor vegen som vert stengd: Bakka, Tufto, Styvi, Dyrdal og Dregali/Drego. Her er det totalt litt over 20 fastbuande.

5. august er sist vegen vart stengd grunna ras. Då gjekk det ras frå Vetlaskreda.

Då vakna to sveitsiske turistar av at bilen bevega seg då steinane kom nedover. Dei fekk på seg klede og sprang frå staden. Til alt hell slapp dei frå det utan skadar.

SLAPP SÅVIDT UNNA RASET: Dei sveitsiske turistane Valentin Pidoux og Marie Leveaux slapp såvidt unna raset på Bakkavegen 5. august. No er vegen stengd grunna fare nye ras. Foto: Arne Veum
Les også
Rasråka veg i Gudvangen vert truleg opna torsdag
Les også
Veg stengd etter steinras i Gudvangen
Les også
– Me frykta for livet