I dette området skal raset ha gått.
I dette området skal raset ha gått. Foto: Gule sider / skjermdump

Rasramma veg kan bli sperra i ei veke

Fv 569 mellom Mo og Romarheim er framleis stengd etter fleire ras. Når vegen vil opna er uvisst.

Tysdag ettermiddag, kring klokka 17.30, kom meldinga:Fleire jordskred hadde ramma Modalen.

Fv 569 vart stengd ved Stokkevika, mellom Mo og Slottet. Onsdag morgon opplyser vaktkommanfør ved 110-sentralen, Ronal Drotningsvik, tilStrilen at  vegen kan bli stengt lenge.

– Vi veit ikkje kor lenge, men dette kan bli langvarig, vegen kan i alle fall bli sperra i ei veke, opplyser Drotningsvik.

Redningsaksjon

Tysdag rykte brannvesen og politi ut til staden for å redda til saman sju personar, ifylgje avisaNordhordland.

Tre av dei var innesperra i bil mellom rasa, dei fire siste var i hytter i området.

Ny vurdering torsdag

Bente Bergstø frå Statens Vegvesen opplyser om at dei ikkje har oversikt over situasjonen enno. 

Delar av vegen skal vera riven bort av rasa.

– Me har ein geolog ut der, seier Bergstø.

Onsdag klokka 09.59 opplyser Vegtrafikksentralen Vest om at dei vil koma med ei ny vurdering torsdag klokka 10.

Fv 569 nord for Slottsportentunnelen, mellom Dalseid og Romarheim er stengt pga ett større ras. Ny vurdering torsdag klokken 10:00.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)July 31, 2019