Refvik fungerer som politidirektør

(NPK-NTB): Vidar Refvik, som er midlertidig politidirektør etter at Øystein Mæland trekte seg, seier at Mæland-avgangen er synd for politiet.

– Eg er svært lei meg for at Mæland har gått frå stillinga. Han har opparbeidd seg stor tillit i Politidirektoratet og i politiet elles og var klar for å ta fatt på det viktige omstillingsarbeidet, seier Refvik i ein uttale på nettsidene til Politidirektoratet.

Refvik var også konstituert politidirektør frå Ingelin Killengreen gjekk av til Mæland tok til i jobben i fjor. Som assisterande politidirektør hadde han også ansvaret i timane etter terrorangrepa 22. juli, før Mæland returnerte frå ferie.

Refvik har vore assisterande politidirektør sidan 2004 og kom til jobben frå stillinga som politimeister i Hordaland. Han har også vore polititenestemann i Oslo, lærar ved Politihøgskolen, dommarfullmektig og ekspedisjonssjef i politiavdelinga i Justisdepartementet.

Politimeister Trond Prytz i Nord-Trøndelag trur Refvik vil vidareføre arbeidet til Mæland på ein god måte.

– Han kjenner Politi-Noreg godt og vil sørgje for å vidareføre det viktigaste arbeidet fram til ein ny politidirektør er på plass, seier Prytz til Trønder-Avisa.(©NPK)