Vegen opna fredag.
Vegen opna fredag. Foto: Terje Hjartnes

Riksveg 13 er opna ved Vetleflaten

Søkkjeholet er no tetta.

Fredag opna Riksveg 13 forbi Vetleflaten. 

Det var midt i mars at det vart oppdaga eit djupt søkkjehol på riksvegen. Det var ei gammal stikkrenne, ei såkalla kisteveit som Vegvesenet trur er rundt 150 år gammal, som kollapsa.

Denne låg under riksvegen og jernbanelina. 

Ljosregulert

Vegen har vore ljosregulert og i periodar heilt stengd sidan søkkjeholet vart oppdaga.

- Arbeidet har vore omfattande, seier Bente Bergstø i Statens vegvesen.

Statens vegvesen varsla at vegen skulle opna 14.juni. Opninga vart dermed to dagar på forskot.