Riksveg framleis stengd på grunn av opprydding

Riksveg 13 over Vikafjellet er framleis stengd fredag morgon.

MYKJE SNØ: Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd inntil vidare på grunn av oppryddingsarbeid. Foto: vegvesen.no

Statens vegvesen melder at riksveg 13 over Vikafjellet er stengd på grunn av oppryddingsarbeid.

Den siste veka har det vore mykje uvêr og nedbør over fjellovergangen.

Ny vurdering av vegen vert klokka 17.00 fredag ettermiddag.