KOLONNEKØYRING: Over Hardangervidda er det kolonnekøyring på grunn av uvêr. Her står ei kolonne med bilar ved Haugastøl laurdag ettermiddag. Foto: vegvesen.no

Uvêr i fjellet gjev stengd veg og kolonnekøyring

Uvêret herjar i fjellet i Vestland fylke, og gjev stengd veg og kolonnekøyring.

Klokka 06 laurdag morgon vart Vikafjellet stengt på grunn av uvêr.

– Det vert gjort ei ny vurdering klokka 10, melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter.

Like etter klokka 10 kjem meldinga på vegvesen.no om at Vikafjellet ikkje vert opna i løpet av laurdagen.

– Ny vurdering klokka 10 sundag, melder dei.

Vegtrafikksentralen melde klokka 07.22 om at det vart innført kolonnekøyring over riksveg 7 Hardangervidda og over Hol-Aurland klokka 08.30.

Like før klokka 14 vart Hol-Aurland opna att.

Stor snøskredfare på Vestland

NVE varslar òg stor snøskredfare for mellom anna Voss.

– Snøskreda kan bli store og råka ned til skredutsette vegar og busetnadar. Hold deg unna terreng som er brattare enn 30 grader, står det i varselet på varsom.no.