UTVIDA TILBOD: Utekontakten på Voss har utvida tilbodet til å gjelda også ungdom i Ulvik og Eidfjord.

– Ring Korona hotline viss du treng nokon å snakka med

Tilbodet er utvida til å gjelda også ungdom frå Eidfjord og Ulvik.

Viss du treng nokon å snakka med i ei vanskeleg tid, har Utekontakten på Voss opna ei eiga Korona-hotline.

Livet er annleis med koronavirus. Er du bekymra, lurer du på noko eller treng du berre nokon å snakka med? Då kan du ringja oss, utekontakten si opne linje for ungdom i Voss herad melder utekontaktane Terje Rogne og Ole J. Opkvitne.

Nummera dei er å treffa på, er 413 07 702 (Terje) og 952 15 630 (Ole J.).

Dei er tilgjengelege måndag – fredag klokka 17 – 22 og laurdag klokka 12 – 17.

– Me kom på ideen i ei tid der dei vanlege tilboda hjå Utekontakten, Vangsgryto og ungdomshuset ligg nede grunna pandemien. Me tenkte at det kan vera mange ting ungdom lurer på, eller treng å snakka om, sjølv om informasjon ligg veldig ope og lett tilgjengeleg i dagens samfunn. Då føreslo me dette for kultur- og fritidsavdelinga i Voss herad, som er vår overordna, og fortel Opkvitne.

Voss herad oppgjev også ei rekkje andre nummer du kan ringja til, viss du treng nokon å prata med i ei vanskeleg, uoversiktleg og spesiell tid for oss alle.