RØYSTA: Robert Helland (34) nytta sjansen og røysta på Mo, medan Marius Hesjedal (24) røysta på Eidsland. Foto: Jan-Egil Dyvik

Robert (34) og Marius (24) nytta sjansen til å røysta før stengjetid: – Kvar røyst er viktig

Robert Helland (34) har røysta ved kvart val så lenge han har hatt alderen til det, og måndag ettermiddag leverte han røysta si til stortingsvalet også.

– Men kanskje er lokalvala endå viktigare her inne? undrar Robert, som nett har gjort borgarplikta si i vallokalet i skulen på Mo.

Kommuneval viktig også

Det han siktar til då, er at ei røyst frå eller til i ytste konsekvens kan vera med på å avgjera kven som vert ordførar i den vesle kommunen inst i Modalen.

– Her er små forhold. Me er ikkje så mange, så kommuneval er viktige, og for ein del av oss litt meir engasjerande, kanskje. Mi røyst til Stortinget, kjem nok truleg til å tyda mindre enn kva ei røyst kan gjera når det er kommuneval att om to år, trur han.

Les også
Her røystar Nils T. Bjørke: – I år er eg spent

Folkevalt

Robert kjem forresten i uniform, som brannmannskap. Han er på utrykkingskurs for tida, spennande det også. Jobben som brannmann er ein bijobb, for han driv tømrarfirma til vanleg.

– Eg er folkevalt også, veit du – for Solrenningslista. Me har langt frå så mange lister å velja mellom på kommuneval som i dag, i alle fall, slår han fast.

LISTER: Mange lister å velja i i dag, ikkje så mange når me har kommuneval, seier Robert Helland. Foto: Jan-Egil Dyvik

Kven han har røysta på, vil han helst ha for seg sjølv. Men at det er eit parti med to bokstavar – minst – som han kjapt legg til, det kan han gjerne opplysa om.

Siste halvtimen

På Eidsland i Vaksdal kommune, ei god mil frå Mo, er det vallokale for tre røystekrinsar. Det vart prøvt ut for fyrste gong for to år sidan.

– Det har vore ein jamn fin straum i dag, og det kjem nok sikkert nokre den siste halvtimen òg, trur leiar i for valstyret, Jahn Olav Nordheim.

Og det fekk han rett i. Ein av dei med kurs for grendahuset på Myster, er Marius Hesjedal (24) frå Stamnes.

– Like kort, eller lang, veg for meg å reisa heimanfrå og inn her, som å reisa til Dale, slår han lakonisk fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

RØYSTA: Marius Hesjedal legg røysta i urna, medan Ranveig Neset og Lisbeth Gammersvik, sit ved borda. Foto: Jan-Egil Dyvik

Også han kjem i arbeidsuniform, som tilsett i elektrikarfirmaet Tovi.

Viktig å bruka røysteretten

– Eg har ikkje så mykje greie på politikk, men eg synest i alle fall det er viktig å bruka røysteretten. Og så har eit røysta på eit parti som eg trur mange på min alder gjer. I alle fall er det mange av venene mine som gjer det, smiler han litt løyndomsfull.

– Eg kan kanskje seia kven eg har røysta på? Eller kanskje ikkje, seier han fort og tømmer den siste kaffiskvetten i seg, før han set seg i bilen og reiser heim att.

Klokka 18 stengde dørene, både på Eidsland og på Mo, vallokala på Dale og Vaksdal held ope til klokka 20.

Les også
Desse damene er valvaktarar i Eidfjord: – Me kjenner dei fleste
Les også
Stine og Ole Martin (29) køyrde inn på tidenes fyrste «drive in»-røysting på Voss