RV 7 ved Leiro vert stengd i kveld

Riksveg 7 ved Leiro ikkje langt frå Vøringsfossen i Eidfjord vert stengd i om lag ein og ein halv time frå klokka 19.00 i kveld på grunn av bilberging, melder Vegtrafikksentralen på Twitter.

STENGD: Rv 7 ved Leiro vert stengd ein periode tirsdag kvel på grunn av bilberging. Foto: vegvesen.no

Det er ein tilhengjar som skal bergast. Trafikken vil bli dirigert manuelt frå om lag kl 17.00 til den vert stengd heilt to timar seinare.