RYKTE UT: Fredag kveld rykte brannvesenet ut til ein pipebrann i Vikjavegen på Voss. Biletet er frå arkivet. Foto: Lars Olve Hesjedal

Naboen såg flammar frå pipa – brannvesenet rykte ut

Naboen varsla frå om pipebrann i eit hus i Vikjavegen på Voss. Brannvesenet rykte ut.

Klokka 23.22 fekk brannvesenet melding om pipebrann i Vikjavegen ved Eimstad på Voss.

– Det var naboen som melde frå om at han hadde sett røyk og flammar frå skorsteinen. Han gjekk opp til huset og fekk stadfesta at det var pipebrann, seier vaktkommandør Christer Skei hjå 110-sentralen til Hordaland like før klokka 23.30.

Like før midnatt melder vakthavande i brannvesenet på Voss at brannen er sløkt utan dramatikk.

– Ikkje umiddelbar fare

Personane inne i huset visste ikkje om brannen, men vart raskt varsla av naboen.

– Det var litt røyklukt i huset, men det er ikkje umiddelbar fare for dei å opphalda seg i huset, opplyste Skei.

Personane på staden stengde av trekken til pipa.