RYKKJER UT: Naudetatane rykte ut til ulukka. Foto: Lars Olve Hesjedal

Førarkort inndrege etter at to bilar frontkolliderte

To bilar kolliderte front mot front i Sysendalen mellom Eidfjord og Hardangervidda i halv tre-tida torsdag ettermiddag. Ulukka skal ha skjedd ved Garen.

Politiet varsla fyrst om fem personar involverte, men korrigerer no opplysningane på Twitter.

I alt fire personar er involverte i ulukka. Det er tre personar i eine bilen, der to er born, og ein person i den andre bilen. Ingen sit fast, alle har kome seg ut av bilane, og skal vera vakne og kan snakka, ifylgje opplysningane frå politiet.

Sendt til Voss sjukehus for sjekk

– Det er ikkje snakk om nokon alvorlege personskadar, men dei involverte vart sende til Voss sjukehus for sjekk, seier politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand.

Det er no oppretta sak som politiet etterforskar.

– Medan saka vert etterforska, er førarkortet til ein mann i 70-åra inndrege.

Køyr forsiktig

Aarsand fortel at det kjem inn ein del trafikkmeldingar no på sommaren, og oppmodar folk til å køyra forsiktig.

– Ha god tid, hald avstand, ikkje stress, ikkje køyr forbi, ta omsyn til trafikklova, og vel så det, og ta pausar med jamne mellomrom.