TIL SJUKEHUS: Tre personar var involverte i ei snøskuterulukke onsdag kveld. Ein person er send til Voss sjukehus, medan ein annan er send til Haukeland universitetssjukehus. Biletet er frå arkivet. Foto: Marita Saue Hamre

To personar skadde etter snøskuterulukke

Ein mann og ei kvinne er sende til sjukehus etter ei snøskuterulukke på Bordalen på Voss.

Brannvesen, ambulanse og lege rykte ut etter melding om ei snøskuterulukke på Bordalen på Voss.

Ifylgje vakthavande Tatjana Knappen hjå Vest politidistrikt var tre personar involverte i ulukka, to av dei er skadde.

– To personar er sende til Voss sjukehus, medan den andre er send til traumemottak på Haukeland universitetssjukehus. Dei er medvitne, seier ho.

Ifylgje Knappen er det ein mann i 50-åra og ei kvinne i 40-åra som er skadde. Den tredje personen, som er uskadd, er ei kvinne i tenåra.

Les også
Tre personar hamna utfor skutervegen og ned i elv
ULUKKE: Naudetatane rykte ut til ei snøskuterulukke ved Furevatnet på Bordalen. To personar er sende til sjukehuset. Foto: Norgeskart

Tre personar involverte – to skadde

Like etter klokka 18.30 vart tre personar frakta trygt ned frå fjellet, og inn i sjukebil på staden.

– Dei som hadde behov for helsehjelp er frakta ned, og er i tryggleik, opplyste Helge Lund, vakthavande hjå 110-sentralen Hordaland.

Dei fyrste meldingane opplyste om at ein person var involvert i ulukka, men det rette er at tre personar var involverte. Politiet stadfestar at to av desse personane er skadde.

Frakta ned med snøskuter

Naudetatane vart varsla om hendinga klokka 17.17 onsdag ettermiddag.

Brannvesenet nytta snøskuter inn til eit vatn som heiter Furevatnet ved Øyaset.

Det var dårleg vêr i området, i tillegg dårleg telefondekning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Brannvesenet har gjort ein kjempebra jobb i fjellet, skryter Lund etter at personane vart henta ned.

Furevatnet ligg langs stølsbilvegen mellom Rong og Allmenningane, ved Øyaset.