Brannvesenet rykkjer ut til brann i ein gassgrill.
Brannvesenet rykkjer ut til brann i ein gassgrill. Foto: Stine Strand Carlsen

Rykte ut til brann i gassgrill

Brannvesenet rykte ut til Haugane i Vaksdal kommune etter brann i ein gassgrill.

Klokka 15.07 måndag tvitra 110-sentralen Hordaland at brannvesenet rykte ut til ein gassgrill som brann.

– Då me kom til staden hadde huseigarane sløkt brannen, seier Kai Ove Grenasberg hjå Vaksdal brannvesen.

– Gjorde alt riktig

Klokka 15.21 stadfestar brannmannen at alt er ok på staden.

– Det har truleg tatt fyr i fettet på grillen. Huseigarane gjorde alt rett då dei slo av gassen, og la på lokket, fortel Grenasberg.

Haugane er på Stanghelle i Vaksdal kommune. 

Vaksdal, Haugane : Brannvesenet rykker ut til flammer i ein gassgrill.

— 110 Hordaland (@110Hordaland)June 24, 2019