ULLENSVANG: Som fylgje av smitteutbrotet i Ullensvang er no totalt 21 personar som er stadfesta smitta. Foto: Karl Ystanes

Seks nye koronasmitta i Ullensvang torsdag – mogleg nærkontaktar frå Voss

Torsdag vart det stadfesta seks nye smittetilfelle i Ullensvang. I ei pressemelding skriv ordførar Roald Aga Haug at kring 150 personar måtte i karantene, då det var fare for smitte via ei bussrute.

– Det vart ikkje funne smitte blant passasjerar på den omtalte bussen mellom Kinsarvik og Odda. Alle passasjerar kan no gå ut av karantene, heiter det i den siste meldinga frå ordføraren.

Avgangane det var snakk om var ein buss 07:20 Odda – Kinsarvik og 14:00 Kinsarvik – Odda, i perioden 22.–26. mars.

Det skal òg vera kring 50 personar i karantene, knytt til eit treningssenter.

Mogleg nærkontaktar på Voss

Voss herad informerer på sine heimesider at som fylgje av smittetilfella i Ullensvang denne veka, er nokre frå Voss òg i karantene.

– Fire vossingar er i karantene etter mogleg nærkontakt med ein av dei som er stadfesta smitta.

Det er ikkje informert om desse er av busspassasjerane som sidan torsdag kveld er ute av karantene.

Totalt 21 smitta gjennom utbrotet

Onsdag vart det stadfesta 12 nye smitta, og det var snakk om åtte klyngjer eller husstandar med smitte.

– Med dei nye smittetilfella som vart meldt torsdag er det då totalt 21 personar som har vorte koronasmitta gjennom utbrotet i Ullensvang, opplyser Aga Haug.

Av dei smitta er det fem born under 18 år. Tysdag vart det skrive om eit koronasmitta barn frå Ullensvang som er lagt inn på Haugesund sjukehus.

Eitt tilfelle med ukjent smitteveg

Onsdag vart ventekarantene for person knytt til Hestavoll barnehage oppheva, og det same gjeld ventekarantene knytt til Jondal skule, og barnehage.

Artikkelen held fram under annonsen.

I same pressemelding frå onsdag er det skrive om eitt nytt tilfelle med ukjent smitteveg.

– Her kan smitten ikkje knytast til kjente tilfelle, skriv ordførar Aga Haug.

Les også
Sofie (25) sine førebuingar til EM startar i påskesola på Voss
Les også
Hans Jakob vil byta ut gras med blomeeng, og gjera det triveleg for insekta i den nye parken