Sigbjørn Hauge, Senterpartiet sin ordførarkandidat på Voss, kan gle seg over sterkt resultat på Voss vidaregåande skule.
Sigbjørn Hauge, Senterpartiet sin ordførarkandidat på Voss, kan gle seg over sterkt resultat på Voss vidaregåande skule. Foto: Bjørn Sandnes

Senterpartiet vinnar i skuleval på Voss

Senterpartiet vart den klare vinnaren i skulevalet ved Voss vidaregåande skule i Skulestadmo. På Voss gymnas er derimot Arbeidarpartiet størst. Og totalt sett er dei to partia så å seia like store under skulevalet på Voss.

Elevane ved dei vidaregåande skulane på Voss gjennomførte ein valdag måndag, med valtorg, valdebatt og til slutt val utpå ettermiddagen.

Kvar tredje røysta Sp

Resultat som no er klart, viser at Senterpartiet fekk 106 av røystene ved Voss vidaregåande skule i Skulestadmo. Dette tilsvarer 34,5 prosent. Det vil seia at kvar tredje elev ved Voss vidaregåande røysta Senterpartiet.

Neste største partiet på Voss vidaregåande vart Arbeidarpartiet, som likevel oppnådde berre 45 røyster, eller 14,7 prosent. Det vil seia under halvparten av Senterpartiet. Arbeidarpartiet er største partiet i skulevalet på landsbasis, men gjer det altså mykje dårlegare på Voss vidaregåande.

Sterkt av Framstegspartiet

Framstegspartiet har gjort eit overraskande godt val på Voss vidaregåande. Framstegspartiet fekk 34 røyster, som utgjer 11,1 prosent av røystene. Frp gjer det best av dei fire regjeringspartia.

SV fylgjer deretter hakk i hæl med 10,7, medan Miljøpartiet Dei Grøne oppnår 8,8 prosent.

MDG gjer det svært godt på landsbasis (med 10,8 prosent), men står ikkje fullt så sterkt hjå elevane på Voss vidaregåande.

Elendig av regjeringspartia

Regjeringspartia bortsett frå Frp gjer eit elendig val på Voss. Venstre oppnår rett nok 5,5 prosent, men Høgre oppnår berre 3,9 prosent. Og KrF oppnår berre éi røyst på Voss vidaregåande, tilsvarande 0,3 prosent.

Her er tala for Voss Vidaregåande

Frå venstre parti, tal røyster og prosent:

Raudt: 17 røyster 5.5%

Sosialistisk Venstreparti 33 røyster 10.7%

Arbeidarpartiet 45 røyster 14.7%

Senterpartiet 106 røyster 34.5%

Miljøpartiet Dei Grøne 27 røyster 8.8%

Kristeleg Folkeparti 1 røyst 0.3%

Venstre 17 røyster 5.5%

Høgre 12 røyster 3.9%

Fremstegspartiet 34 røyster 11.1%

Piratpartiet 6 røyster 2.0%

Norges Kommunistiske Parti 1 røyst 0.3%

Pensjonistpartiet 0 0.0%

Demokratene i Norge 0 0.0%

Partiet De Kristne 0 0.0%

Liberalistene 2 røyster 0.7%

Helsepartiet 1 røyster 0.3%

Folkeaksjonen nei til mer bompenger 5 røyster 1.6%

Tal elevar ved skulen: 367

Tall avgjevne røyster: 333

Deltakarprosent: 90.7

Ap klart størst på Voss gymnas

Arbeidarpartiet gjer det derimot klart best på Voss gymnas. Der oppnår Ap 26,3 prosent eller 118 røyster.

Senterpartiet oppnår 13,4 prosent, eller 60 røyster på Voss gymnas.

Totalt sett for dei to vidaregåande skulane på Voss, er dermed Senterpartiet størst, men med minimal margin. Senterpartiet får 166 røyster, medan Arbeidarpartiet kjem opp i 163. 

Venstre gjer eit svært godt val på Voss gymnas med 15,8 prosent av røystene. SV gjer det også godt med 13,1 prosent. Miljøpartiet dei Grøne gjer det heller ikkje på Voss gymnas så godt som på landsbasis, og oppnår 8,9 prosent av røystene. Det er likevel ein fin framgang frå tidlegare skuleval.

Raudt oppnår 6,9 prosent på Voss gymnas, medan KrF fekk 1,6 prosent av røystene.

Skulevalet på landsbasis

Skulevalet på landsbasis viser at MDG og Venstre går kraftig fram – Ap, Høgre og Frp tilbake.

Mens Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre har den største auken i oppslutning, taper dei tradisjonelt største partia terreng.

Trass i framleis tilbakegang held Arbeidarpartiet stand som det klart største partiet i skulevalet med 26,6 prosent av stemmene.

Høgre opplever også framleis tilbakegang, og landar på 12,9 prosent. Med høvesvis 10,8 og 10,2 prosent nærmar MDG og Venstre seg Høgre i kampen om å vera det nest største partiet mellom ungdommen.

Frp får under 10 prosent oppslutning, for fyrste gong sidan skulevala starta for 30 år sidan, og KrF må notera sitt svakaste resultat nokon gong med 2,3 prosent.

SV og SP har framgang sidan forrige val og landar på høvesvis 9,9 og 8 prosent. Raudt opplever noko svakare framgang og landar på 4,9 prosent.