Sindre Ure Søtvik gjekk inn til si beste verdscupplassering nokosinne i prøve-OL i Sør-Korea. ARKIV
Sindre Ure Søtvik gjekk inn til si beste verdscupplassering nokosinne i prøve-OL i Sør-Korea. ARKIV Foto: MARION GRUMB

Sindre sette pers i prøve-OL

Sindre Ure Søtvik likar alt unnateke maten i Pyeong-Chang. - Målet er å koma tilbake neste år, seier han etter å ha oppnådd ny besteplassering i verdscupen.

- Anlegga og alt rundt er heilt fantastisk her. Alt er topp, sett bort frå maten. Det var ris til frukost, lunsj og middag. Og einaste brødet me fekk, var loff. Neste år tek eg med meg mat frå Noreg. Eg fekk problem med næringsinntaket og gjekk mykje ned i vekt på få dagar, seier Sindre Ure Søtvik.

God i bakken

Kombinertløparen frå Eldar var i god hoppform i verdscuprunden i sørkoreanske PyeongChang, som også var prøve-OL. Frå før har han 23. plass som beste verdscupplassering. Laurdag slo han til med 21. plass og sundag enda han som nr. 29.

I dei to treningshoppa hamna strendingen på 2. og 4. plass.

- Dette gav meg sjølvtillit, I konkurransen laurdag hoppa eg godt, sjølv om eg ikkje var like god som i treningshoppa. Eg var nummer 11 før langrennet. På grunn av problema med næringsinntaket, var eg veldig spent før eg gjekk ut på langrennet. Det fungerte greitt. Eg datt ned nokre plassar, og sjølv om eg lenge låg i nærleiken av 15. plassen, er eg nøgd med 21. plass. Det er ny pers i verdscupen, så nøgd er eg.

Godt nøgd

Dagen etter var han på 10. plass etter hoppinga.

- Det er eg skikkeleg godt nøgd med. For då hadde eg klart dårlegaste forholda av alle. Eg fekk minus 2 medan vinnaren hadde minus 17 i trekk på forholda. Men på langrennet fall eg raskt nedover. Eg hadde rett og slett ikkje krefter nok.

Tyske Johannes Rydzek vann begge dagane i Sør-Korea.

Sapporo neste

Frå neste års OL-by går turen vidare til Sapporo, der OL gjekk av stabelen i 1972. Der er det nye verdscuprenn fredag og laurdag.

- Målet er å koma topp 15. Det er innan rekkjevidd no. Så denne veka får eg passa på å få i meg nok næring, då kan eg halda betre inn på langrennet enn eg gjorde her i Sør-Korea.

Realistisk

Neste år er det OL i PyeongChang. Strendingen har mål om å vera med å kjempa om olympisk heider for Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er absolutt realistisk. Eg har ein god sesong no, og tek eg eitt steg eller to vidare, så er eg i toppen. Og fleire av utøvarane på landslaget byrjar å bli gamle, seier Ure Søtvik.

No håpar han å nytta verdscuprenna i Sapporo, Oslo og Trondheim til å leggja inn ein god søknad med tanke på neste sesong.

- No får eg tillit, så det er det berre å gassa på og banka i bordet, seier Ure Søtvik.